Setesdal 24/05
11°
0 mm

Velkomen til Evje og Hornnes

Evje ligg lengst sør i Setesdal, i Evje og Hornnes kommune. Det er berre ein times køyretur frå Kristiansand. Evje har eit mangfald av aktivitetar, handel, overnatting, og ei rekkje viktige andre næringar. I tillegg ligg Evje i eit naturskjønt område kor det er moglegheit  for mange utandørs aktivitetar, både sommer og vinter.

Her kan du vere lenge utan å kjede deg eller mangle noko!

Velkomen til Evje og Hornnes!

 
Mineralparken

I Mineralparken kan du oppleve naturens eigne krumspring – i form av mineral frå alle verdas kantar. Her finn du Europas største og mest imponerande private samling av mineral og krystallar – i nær sagt alle fasongar, fargar og typar. La deg bergta og overraske av kva naturen er i stand til å skape. Gjennom millionar, ja, milliardar av år har prosessane under jordskorpa halde på. Hos oss ser du resultata. Djupt inne i fjellet, i eit område der det har vore gruvedrift i hundrevis av år, får du opplevingane. Utstillinga rommar meir enn 1000 steinar og mineral.
Ope mai-oktober.

Les mer...

 
Klatreskogen

Klatreskogen på Evje er ein av dei flottaste klatreparkane i landet. Området rundt Mineralparken er eineståande for ein slik bane med store flotte tre, fjell og naturformasjonar, og elva som ei naturleg hindring i seg sjølv. Høgdeskilnaden er mellom 1 og 8 m, og det er mange ulike ruter å velje mellom om du er ung eller gamal. Fire linjeglidingar på over 250 m lengde er unikt i landet. At løpa i tillegg går over vatn, gjer opplevinga ekstra spennande

Les mer...

 
Evje Sykkelpark

Evje Sykkelpark
Ei spennande nyheit i 2011 er sykkelparken hjå TrollAktiv på Syrtveit, 5 km nord for Evje, med ein spesiallaga, godt 2 km lang sykkelsti. Hengebruer som er laga for sykkel, teknikkbane med vipper, kular, balanseelement og mykje meir. Sykkelutleige for born og vaksne 1 time, 3 timar eller heil dag. Guida sykkelturer i Evjeområdet med merka løyper av ulik vanskegrad. Parkering, kafeteria og badeplass.

Les mer...

 
 Rafting i Otra

Evje er staden for rafting!

Familierafting er lagt tilrette for barnefamiliar. Du kan og gje deg ut på tøffare rafting. Erfarne instruktørar og topp utstyr gjer det trygt å setje av garde.

Les mer...

 
 Color Line Setesdal Tour

Sykkelritt fra Kristiansand til Hovden den 26. mai 2012.

Følg folkefesten enten fra eget sykkelsete eller hei fram de deltagende syklistene som jobber seg fram langs RV9.

Les mer...