Velkomen til Valle sentrum og vår butikk og verkstad.
Sylvsmedverkstaden og butikken er ført opp i ein tradisjonsinspirert
tømmerbygning. Her finn du sylvsmedane i arbeid heile året, og du er velkomen inn på verkstaden for å sjå korleis dette arbeidet vert utført. Det er århundregamle tradisjonar som vert haldne i hevd, og utvikla vidare i tradisjonell og moderne design. Smykka vi lager er i både sylv og bronse. Forutan eigne smykke har vi eit stort utval i kvalitetsuvenirar.