english language  VINTER   norsk NORSK english ENGLISH deutch DEUTSCH dutch NEDERLANDS  
main picture
blank
  SETESDAL | HOVDEN OG BYKLE | VALLE OG RYSSTAD | NEDRE SETESDAL  
blank
white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator
 
Aktuelt i Valle og Rysstad
blank
grey line
Forside | Siste 10 fra Valle og Rysstad | Arkiv

14.07.2010
Slåttedag på Rygnestadtunet laurdag 17. juli

Velkomen til slåttedag laurdag 17. juli, kl. 10.00 på Rygnestadtunet i Valle!
Ta med eigen ljå, langorv eller stuttorv. Det vert demonstrasjon og instruksjon i bruk av ljå. Vi vil også setje opp ei hesje for å turke høyet.
Slåttegraut vert servert kl. 12.00.
Sjå utstillinga Kulturlandskapet på Rygnestad før og no.

Rygnestad er eit av dei 20 utvalde kulturlandskapa i landet, og der fins ei av dei særs verdfulle slåtteengene i fylket.

• Kvifor har Rygnestad/Flateland fått nasjonal merksemd?
FMVA v/ Rune Sævre og FMLA v/ Lisbeth Svendsen Kismul

• Kva er gjort i det utvalde kulturlandskapet? Rygnestad og Flateland kulturlandskap v/ Ånund T. Flateland

• Kva finn vi i slåtteenga: plantar og biologisk mangfald?
Bioforsk v/ Ellen Svalheim

• Ljåslått og tradisjonar med ulike ljåtypar.
Setesdalsmuseet v/ Anders Dalseg

Arrangørar: Setesdalsmuseet og Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap


22.06.2010
Salsutstilling kunsthandverk Valle sentrum

Spennande utstilling av 5 kunsthandverkare. "Twist," som dei kallar seg består av Lex de Jong, Hanny Podt,Jaana Ahola Lex de Jong,Ewald Assmann og Kirsti Tiedje. Alle er busette i Valle kommune.

Hanny Podt og Jaana Ahola er sølv- og gullsmeder. Ewald Assmann er keramiker og Kirsti Tiedje er treskjærer.

Utstillinga er i Frikyrkja i Valle sentrum.
Open alle dagar frå 11 - 18 i tida 3. juli - 25. juli.


17.06.2010
Gratis frukost i Valle sentrum

Sentrumsforeninga inviterer alle på gratis frukost i Valle sentrum. Sentrum er bilfritt heile dagen og det står dekka bord i sentrumsgata. I tillegg blir det underhaldning med artistar frå Valle, Setesdal og USA.

Om kvelden blir det brusteinsball.
Les meir


15.06.2010
Familedag på Brokkestøylen laurdag 19. juni 11 - 18

ansiktsmaling - © BrokkestøylenSpennande aktivitetar for heile familien. Ta turen til Brokkestøylen på laurdag. Her kan ein ri på hest, mate dyra, delta i natursti, vaske etter ekte sølv - med meir. Kafeen er open og du kan få kjøpt mat og drikke.

Arrangementet er ein del av markeringa av Suleskarvegen sitt 20-års jubileum.

Velkomen til ein triveleg dag på støylen.
Les meir om Brokkestøylen


04.06.2010
Padling i villreinens rike

Har du nokon gong opplevd kor nær naturen du kjem i ein kano?

I Setesdal vesthei på 900 - 1000 meters høgde kan du padle inn i landskapsvernområdet, SVR. Europas sørlagaste villreinstamme held til her.


Les meir


04.06.2010
Brokkestøylen opnar for sommarsesongen

Ponniridning er gama - © BrokkestøylenBrokkestøylen har spennande aktivitetar for familiar. Her vil barna stortrivast - lenge.
Les meir


15.07.2009
Setesdalsbunaden i kvardag og fest

"Setesdalsbunaden i kvardag og fest"

Tveitetunet 19.juli, kl. 14.00
Hallvard T. Bjørgum er spelemann.
Alle velkomne!
Inngong kr 50,-.

Arr: Valleutstillinga og Valle Bygdekvinnelag


10.07.2009
Bispevegsmarsjen 2009 laurdag 1. august

Ca 30. km turmarsj med start på Øysæ i Fyresdal og innkomst ved Valle kultursenter (Skuleområdet). Marsjen går etter den merka turistløypa som heiter Bispevegen. Frå start kryssar ein støylsdalen Finndalen med matstasjon på Nyestøyl. Vidare vestover høgheiane mot Valle med ei heller bratt nedstiging til Valle før ein går gjennom gamle gardstun i Vallebygda til mål i skuleområdet. Turen er relativt krevande, der 10 år er tilrådd nedre grense.
Buss går frå Valle kultursenter kl. 06.30 til start som er kl. 09.00. Frå Fyresdal sentrum går det buss til start kl. 08.00
Prisar: Startkontingent kr. 50 (vaksne)/kr.30.-(u. 16 år)
Buss:frå Valle: kr. 150.- (vaksne)/ kr. 100.- (u.- 16. år), frå Fyresdal m.retur kr. 200.-, kr.130.-(u.16 år).
Påmelding fram til kvelden før marsjen til: Dreng Rike Tlf. 37937156/41258958, Turistkontoret i Valle Tlf. 37937529 eller E-post: post@valle-il.no.

kart over løypa Meir info på Valle IL si heimeside


07.07.2009
Kunstutstilling på Setesdalsmuseet

Sommaren 2009 er det tre gjeste utstillarar på Setesdalsmuseet.
Museet har ope dagleg fram til 17. august i tida 11 - 17.


Les meir


07.07.2009
Sundag 12. juli er det barnas dag på Tveitetunet

Heile dagen er det spanande aktivitetar for borna. Døme på aktivitetar er toving av ull, eventyrlesing, rosemåling, spikking,
og binding av blomekrans. Aktivitetane tek til klokka 10 og held på heile dagen.



 
white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator
Copyright ©: HovdenFerie AS, Valle / Rysstad Reiselivslag, Nedre Setesdal Reisetrafikklag.
Design: Kjetså Design AS  Teknisk løysing: Nettkroken AS