|

Hovden
Hovden, øvst i Setesdal er den største vintersportstaden på Agder med stort alpinanlegg og fantastiske langrennsløyper. Meir om Hovden vinter
Men, det skjer mykje anna med vintersporttilbodet i Setesdal.
Brokke
I Valle kommune finn du Brokke Alpinsenter. Anlegget går no inn i 5. driftssesong. Det har vorte godt motteke av lokale og hyttefolk. Dagsturmarknaden frå kysten har og oppdaga Brokke. Anlegget har 2 trekk og rulleband for dei minste. Det er stor terrengpark med rails og bigjump.
I tillegg er det 3 flotte nedfartar som høver godt for dei fleste. Du finn kafeteria og skiutleige.
Brokke har markert seg som eit offensivt anlegg med lang sesong. I år starta sesongen 16. november.
Ljosløypa på 5 km opna januar 2007. Løypa har ein bredde på 6 meter og er tilpassa "vanlege turgåarar". Det er og turskiløyper i området. Alt har start ved alpinanlegget. Det er såleis lagt til rette for at nokre kan i bakken medan andre vel langrenn.
Alt ligg til rette for en strålande sesong i Brokke. Føremeldingar Brokke
Flotte langrennsløyper i nydeleg høgfjellsterreng finn ein og i Bjørnevatnområdet (800 moh).
I Nedre Setesdal har Otra IL satsa stort med ny løypemskin og dei vil halde flotte langrennsløyper. Føremeldingar Evjeområdet
|