english language  VINTER   norsk NORSK english ENGLISH deutch DEUTSCH dutch NEDERLANDS  
main picture
blank
  SETESDAL | HOVDEN OG BYKLE | VALLE OG RYSSTAD | NEDRE SETESDAL  
blank
white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator white seperator
 



Velkomen til Setesdal!


Dalen har århundrelange tradisjonar innan sylvsmedkunst og musikk. Endå eldre er dei vakre minerala du finn i utstillingar og ute i naturen.Musea gir mellom anna innføring i korleis jern vart produsert i vikingtida, om byggjeskikk, målarkunst, drakt og husflidstradisjonar i dalen vår. Landskapet varierer frå flate bygder til vilt og vakkert høgfjell, og vegen gjennom dalen går innom små og større tettstader. Rundt kvar ein sving ventar det nye inntrykk som får deg til å stoppe opp og nyte naturen og det fredelege miljøet. Velg mellom rolege dagar med badeliv, eller aktive dagar med rafting i fossande elvestryk. Nyt det flotte turterrenget, eller oppsøk dei mange attraksjonane i dalen. Naturen er fantastisk, og vi har han til låns for komande generasjonar.
Far difor fint fram i naturen og ha fine dagar i Setesdal!

Forside | Siste 10 fra Setesdal | Arkiv

AKTUELT 29.06.2009

Sommarmarknad i Mineralparken 4. og 5. juli

Mineralparken har stor sommarmarknad med utstillarar av heimelaga produkt, antikvitetar, smykke, klede og ikkje minst mange spennande aktivitetar for borna. Steinfigursaging, smykkeverkstad, skattejakt i tunnellen og gulldykking i elva!

Laurdag er det program frå 10 - 18 og i tillegg til aktivitetane over er det både borneteater og spanande borneforedrag om meteorittar.
Sundag er det program frå 10 - 18. Då er det borneforteljingar om Dronningsteinen. I tillegg vert det dukketeater, song og trylling med Ivar Skippervold.

I matteltet får du kjøpt grillmat, rjomegraut, gruvelaps og anna.
Mineralparken er ein ypperleg stad for heile familien.
Her kan du lese meir om Mineralparken og arrangementa


 
white seperator
white seperator
white seperator
white seperator
white seperator
white seperator
white seperator
white seperator
 

logo Setesdal

Copyright ©: HovdenFerie AS, Valle / Rysstad Reiselivslag, Nedre Setesdal Reisetrafikklag.
Design: Kjetså Design AS  Teknisk løysing: Nettkroken AS