Setesdal 23/02
0,1 mm

 Vinter i Setesdal

Vinteren er i full gang. I alpinanlegg og langrennsløyper er det strålande snøtilhøve. For mange er dette den beste årstida med fantastiske naturopplevingar.
Hovden alpinsenter er det største anlegget i landsdelen med 8 heiser og den 9. kjem i løpet av vinteren 2012. Les meir på  www.hovden.com 
I Brokke kjem ny stolheis til toppen i tillegg til de to T-trekka som alt er på plass. Ein etterlengta utviding av tilbodet. No tek Brokke steget opp ein divisjon. www.brokke.com 
Det er Setesdal som har dei beste alpintilboda i landsdelen.

I Evje ligg Høgås Skianlegg med mange velpreparerte langrennsløyper. http://www.skisporet.no/no/aust-agder/evje

 

 

 
 Meld deg på Color Line Setesdal Tour

Påmeldinga til Color Line Setesdal Tour starta 1.desember.

Opplev vakre Setesdal frå sykkelsetet, og følg folkefesten frå Kristiansand til Hovden. Sykkelrittet forgår 26.mai 2012.

Les mer...

 
Vandring i Setesdal

Planlegg du å vandre i fjellet i sommar eller utpå hausten? I heile Setesdal finn du eit allsidig turterreng for alle aldre, uansett om du vil opp på høge toppar eller rusle ein tur i lavlandet.
Også med rullestol eller barnevogn kan du kome det opp og fram.
Turistforeningen har fleire hytter i Setesdal.

 

Les mer...

 
Rafting i Otra

Evje er staden for rafting!

Familierafting er lagt tilrette for barnefamiliar. Du kan og gje deg ut på tøffare rafting. Erfarne instruktørar og topp utstyr gjer det trygt å setje av garde.

Les mer...

 
Klatring i Valle

Valle i Setesdal har over 200 klatreruter! Solid granitt med utmerka friksjon og fleire av rutene er nyleg fornya med bolter i edelstål.

I tillegg har Evje sin eigen klatrepark kor både barn og vaksne kan få eit innblikk i klatreverda. Høgdeforskjellen her er mellom 1 og 8 meter.

Les mer...

 
 Gode badetemperaturar året rundt

I Hovden Badeland & Spa kan du nyte 30 graders vatn året rundt.

Velkomen til eit velgjerande bad!

Les mer...